VM-tøys
Arne Scheie kjem merkeleg nok med ei Quiz-bok om fotball-VM i desse dagar. Samtidig finn NTB ut at dei vil intervjue denne fotballfriken. Resultatet av dette er at Arne Scheie mellom anna seier at ein av hans favorittkampar er då Noreg spelte mot USA i VM i 1994, i USA. Han seier også at denne opningskampen Noreg mot USA er eit bevis på at fotballinteressa er stor, då meir enn 15 000 nordmenn hadde billett til kampen.
Tenkjer det var ein svindlar på svartebørsen som gjorde gode pengar på "godt orienterte" fotballinteresserte nordmenn på tur! For NTB sine journalistar er jo til å lite på...

0 Kommentarar:
Legg inn en kommentar
<< Home