29.3.06

Dagens ord: Kronerulling

Det dukkar opp ofte i lokalavisene rundt om, begrepet Kronerulling. Dette er visstnok eit Sesam, sesam når det gjeld å få pengar til eit lokalt byggeprosjekt. Men her må vere ei misoppfatning ute og går. I god forskarånd sette eg meg føre å teste ut dette fenomenet på eiga hand, og rulla ei krone frå Volda til Ørsta. Alt eg satt igjen med var ein dårleg rygg og stive føtter. Krona var framleis berre ei krone.

Snøballrulling derimot...

Fottur til sals

Eg fann ein gammal feriekatalog frå Norges Turistråd der dei mellom anna lokkar med "fem dagers fottur, fra kr. 1850."
På kjøpet får du nyvove, silkemjuke klede frå Keisar.no.

16.3.06

Hamsun på nynorsk

Politikarane i Drammen vil at elevane i ungdomsskulen ikkje skal bli belasta med å måtte lære seg nynorsk. Drammens Tidende tek saka, og finn ein norsklærar som støttar forslaget. Elevane hans svarar villig på spørsmål frå avisa:
"Men Linn-Merita må innrømme én ting: Hun likte faktisk Knut Hamsuns "Victoria", selv om boken er skrevet på det hun selv kaller tung nynorsk.
- Den var utrolig fin, sier Linn-Merita."


Norskundervisninga i Drammen verkar då heilt upåklageleg.

4.3.06

Dagens mest meiningsfulle informasjon

Dagsrevyen avslutta reportasjen frå prinsedåpen slik:
"Etterpå gikk de kongelige til lunsj. Desserten var is og bringebær. En forsmak på en varmere tid som snart kommer."
Takk! Den varma.

Fint skal det vere...

"Omdømet til Helse Førde har teke skade etter møbel- og tilsetjingssakene. Det meiner styret i Helse Førde. No startar jobben med å betre omdømet", skriv Sunnmørsposten.
Det er kanskje alt sett av 500 000 i budsjettet til PR-konsulentar.

2.3.06

Dagens Wodehouse

The fascination of shooting as a sport depends almost wholly on whether you are at the right or wrong end of the gun.

Gamle presseklipp blir som nye 2

At Lars Saabye Christensen har høge lesartal, veit mange. Men berre Kulturnytt (NRK P2) veit at han også har høge lesarar. For det må vel vere det dei meinte då dei la ut om ei av Christensen sine bøker og nemnde "de rekordhøye åttitusen som har kjøpt boken gjennom bokklubben."

Det var mange som voks på den bokopplevinga.

1.3.06

Gamle presseklipp blir som nye 1

VG har intervjua skodespelaren Mads Ousdal, blant anna om rolla i filmen "Det største i verden". Om den seier Ousdal:
"Jeg spiller en Røkke. Jeg ER Røkke: Litt harry og nyrik. (...) Vestlandsk snakker jeg også. Jeg tok det som en utfordring og valgte meg ålesundsk. Da kunne jeg få hjelp av "broren min" i "Lang dags ferd...", Per Egil Aske. Moldenser, han også."
Dersom Ousdal vil lære å snakke nordlending, finst det sikkert ein trønder han kan spørje.