Madame og Madame
Eg er på bloggekurs på Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda.
Eg har berre eitt spørsmål til Høgskulen: Kvifor heng det posar med påskrifta Madame på manne-doen?
Du kan sjå verda gjennom mørke glas, lyse glas, runde glas, firkanta glas, tjukke glas, tynne glas, køyreglas eller gåglas (såkalla googles). Men berre ein ser verda gjennom gauteglas.
Eg er på bloggekurs på Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda.
I dag gav datamaskina meg melding om at "batteriet i musen er lavt".
Etter å ha sett nesten ein heil fotballkamp, er det på tide med oppsummering av Fotball-VM 2006.
VG-Nett melder at det er varmt i dag, til dei som ikkje har oppdaga det. Men tropenatt har det ikkje vore:
Arne Scheie kjem merkeleg nok med ei Quiz-bok om fotball-VM i desse dagar. Samtidig finn NTB ut at dei vil intervjue denne fotballfriken. Resultatet av dette er at Arne Scheie mellom anna seier at ein av hans favorittkampar er då Noreg spelte mot USA i VM i 1994, i USA. Han seier også at denne opningskampen Noreg mot USA er eit bevis på at fotballinteressa er stor, då meir enn 15 000 nordmenn hadde billett til kampen.
Programposten "Typisk norsk" har meir enn ni liv, i følgje TV-programmet i Sunnmørsposten tysdag 9. mai. Der står det at NRK2 sender "Typisk norsk" episode nr. 10 av 8.
Trønderen Elise Båtnes er 1. konsertmester i det danske Radiosymfoniorkesteret. Heilt uforvarande gir ho ny innsikt i gamle Ivar si dikting i ein kommentar til Berlingske Tidende: "Mangelen på fjelde er et problem ved at være i Danmark, så jeg forsøger å bo både her og i Oslo."
Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, snakka om bruken av mobile gasskraftverk på NRK. Desse kraftverka er litt enklare å flytte på enn til dømes Altakraftverket, i og med at dei blir levert på store trailerar. Aasen sa til NRK at slike er "hyllevare nede i Europa".